Acerca de

Gjestehavn og bobilplasser

Mjøsvågen Landhandleri er ypperleg for tilkomst med båt, og har i sommersesongen eit rikt båtliv med turistar, tilreisande og lokalfolk. Her kan du kome i land og kjøpe deg blant anna is, pizza og ved anledninger sjømat og lokale matrettar. Du kan også handle daglegvarer, lokale produkt som geitost og pølser, suvenirer, gåver og interiørartikler.

 

Me har skjenkebevilling i vinterhagen og langs kaien, så her er det gode moglegheiter for å nyte noko forfriskande og kaldt ved sjøkanten. Området har også flotte badeplassar og nydelig natur med fleire populære turdestinasjoner som Kossdalssvingane og Åsheimveten.

Priser kaileige:

Døgnpris for båt inntil 30 fot ......................Kr. 100

Døgnpris for båt inntil 40 fot ......................Kr. 150

Døgnpris for båt over 40 fot .................... Kr. 200

Døgnpris for strøm til båt .............................. Kr. 50

Me har 2 bobilplassar tilgjengelig utanfor landhandleriet, med moglegheiter for å koble seg til strøm. Her er toalett som står døgnopen med dusj og vaskemaskin som kan nyttast mot ein liten avgift. Me disponerer også 4 bobilplassar utan strømtilkobling ved Norlender, og nokre bobilplassar ved kyrkja rett i nærleiken, kontakt oss for avtale om parkering her.

Pris bobilplasser:

Døgnpris for bobil....................................................... Kr. 200

Strøm.................................................................................................. Kr. 50

Parkering ved kyrkja (etter avtale) er gratis.

Gjestehavn