Om oss

christineidephotography-fly.-visitosteroy-16.JPG

Mjøsvågen landhandleri har sidan 2018 vore eit samlingspunkt i Hosanger for både bygdefolk og tilreisande. Lokalet vårt har tydlege spor av gamle tradisjonar, og var tidlegare eit metallstøyperi. 

Me tilbyr i dag eit bredt utval av daglegvarer, lokale varer, interiør, fritids- og gåveartikler. Me leverer catering og serverer mat og drikke som kan nytes i vår nye vinterhage eller ved sitjeplass langs kaien. Vinterhagen har bar med skjenkebevilling og varmelamper, og kan nyttast heile året.

Me har jamleg arrangement og tilstelningar både i vinterhagen og i lokalet i 2. etasje. Lokalet kan også leiges til private og bemanna selskap.

Utanfor landhandleriet finn du gjestebrygge og bobil-plassar. I nærområdet er det mykje kjekt å oppleva, som badeplassar, flott natur og kultur.

 

Velkommen til Hosanger!