Opplevingar i nærleiken

Mjøsvågen Kafé
Ein liten og hyggjeleg kafé i eit gamalt maskinhus i det historiske naustmiljøet på Hosanger. Kaféen er sesongopen.

Flabellina - flytande badstu
Flabellina er eit resultat av eit omfattande kunstprosjekt i regi av Osterøy Kunstlag.
Badstova ligg innerst i Mjøsvågen ved Den Grøne Fabrikken, og kan bookast av alle som ynskjer.

Kossdalsvegen
Ein veg av kulturhistorisk verdi frå vegbygginga på Vestlandet i 1880-åra. Kossdalssvingane vart bygd for hand i 1889 –1893. Dei 17 krappe svingane startar på 75 m.o.h. og stig til 175 m.o.h. Ei stigning på 27% og ein av dei brattaste vegane i Noreg.
Ein attraktiv plass for turgåarar, treningsfolk og turistar.

Den grøne fabrikken
Bygningen blir brukt til aktivitetar innan kunst og kultur. Bygget inneheldt i dag fellesrom, utstilling/kursrom, arbeidsrom, toalett, vaskerom og kjøkken. Utleige for ein dag eller periode etter avtale

Norlender Strikkefabrikk
På Hosanger finn du Norlender sin historiske strikkefabrikk. Norlender har siden 1927 vært en viktig produsent av både bommull og ull produkter. I dag kan du besøke den levende fabrikken og få innblikk i korleis en ullgenser vert laga. Du kan også besøke butikken som har flotte norskproduserte ullgensere til voksne og små.
Hosanger Treskofabrikk
Hosanger Treskofabrikk er ei frivillig driven verkstad som produserer tresko med reimdrevne maskinar, slik det vart gjort ved skipinga i 1924.

Badeplass
Berre nokre minutt unna finn
du den flotte badeplassen på Hosanger, med barnevennleg skjelsandstrand, stupebrett
og sitjeplassar.


Galleri Mjøsvågen
Galleri Mjøsvågen ligg vakkert til i den gamle verkstad - og naustbusetnaden i Mjøsvågen/Hosanger. Galleriet har hovedsakleg sommarutstillingar.

Kajakk, SUP og el-sykkel
Få deg ein flott padletur i området og leig deg kajakk eller SUP hjå den grøne fabrikken. Du kan også leige el-sykkel hjå oss på Mjøsvågen Landhandleri og sykle den flotte kossdalsvegen som ligg rett i nærleiken.